7 episodes

Podkasten Colletts kafé byr på samtalar med forskarar frå Fakultet for humaniora og pedagogikk. Er du opptatt av forsking på historie, språk, utdanning, religion, litteratur, filosofi, media, læring, barnehage og skule, er dette podkasten for deg.

Colletts kaf‪é‬ Universitetet i Agder

    • Kunst

Podkasten Colletts kafé byr på samtalar med forskarar frå Fakultet for humaniora og pedagogikk. Er du opptatt av forsking på historie, språk, utdanning, religion, litteratur, filosofi, media, læring, barnehage og skule, er dette podkasten for deg.

    Filosofi og forsking

    Filosofi og forsking

    I denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle dei to filosofane Hilde Vinje og Camilla Flodin. Begge er førsteamanuensis i filosofi ved Institutt for religion, filosofi og historie ved UiA. Kva er filosofi? Kva gjer filosofar når dei driv forsking? Kva verdi har filosofihistoria i vår tid? I samtalen snakkar dei også om lykke, natur og kunst – og om andre grunnleggjande menneskelege spørsmål.

    • 34 min
    Spesialpedagogikk, digitale teknologiar og skulen

    Spesialpedagogikk, digitale teknologiar og skulen

    I denne episoden snakkar podkast-vert Gunhild Kvåle med to forskarar i spesialpedagogikk: doktorgradsstipendiat Marianne Engen Matre og professor Lans (David Lansing) Cameron. Begge er tilsette ved Institutt for pedagogikk ved UiA, og tilknytte det nasjonale forskingssenteret for spesialpedagogisk forsking og inkludering, SpedAims. Kva gjer spesialpedagogikk-forskarar når dei forskar? Kva slags utfordringar og moglegheiter gir digitale teknologiar for spesialpedagogisk arbeid? Og kva gjorde doktorgradsstipendiat Marianne då covid-nedstenginga kom midt i datainnsamlinga hennar? Dette – og enda meir – kan du lære meir om i denne episoden.

    • 34 min
    Å forske på skuleutvikling: School-in

    Å forske på skuleutvikling: School-in

    I denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle professor Jorunn Midtsundstad og førsteamanuensis Inger Marie Dalahefte, som begge er tilsette ved Institutt for pedagogikk. Dei har saman med kollegaer på UiA og fleire kommunar på Agder gjennomført eit stort NFR-finansiert prosjekt om utvikling av skulens inkluderande fellesskap, kalla «School-in». Kvifor verkar dei same tiltaka ulikt i ulike skuler? Kva roller spelar lokalmiljøet for skulen som fellesskap? Og korleis kan forskarar og praksisfeltet arbeide saman om forsking på skuleutvikling?

    • 33 min
    Oversetting som forskingsfelt

    Oversetting som forskingsfelt

    I denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle professor Sandra L. Halverson og doktorgradsstipendiat Erlend Wichne til ein samtale om det å forske på omsetjingar. Kva gjer forskarar når dei forskar på omsetjingar? Kva roller speler omsetjingar og gjendiktingar i samfunnsutviklinga? Og kva rolle har UiAs i forskingsfeltet, som einaste lærestad i Noreg som tilbyr utdanning i oversetting på masternivå?

    • 31 min
    Estetiske artikulasjonar av andre verdskrig i Noreg

    Estetiske artikulasjonar av andre verdskrig i Noreg

    I denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle litteraturprofessor Unni Langås og førsteamanuensis i medievitskap Siri Hempel Lindøe. Langås er prosjektleiar for eit stort, tverrfagleg forskingsprosjekt som nyleg har fått innvilga støtte frå Noregs forskingsråd. I prosjektet skal dei undersøke korleis andre verdskrig i Noreg blir framstilt i m.a. litteratur, film, teater, utstillingar og TV-produksjonar. Kva rolle har kunstnariske framstillingar for vår tids forståing av krigen? Korleis blir verdskrigen fortald no som dei som sjølve opplevde krigen, er borte? Korleis har andre verdskrig blitt fortald i tiåra etter krigen, og kva slags forteljingar blir produserte i dag?

    • 29 min
    Arven etter 1968

    Arven etter 1968

    I denne episoden møter programleiar og prodekan Gunhild Kvåle historikarane Knut Dørum og Øyvind Tønnesson. Dei har saman med kollega Ralph H. Vaags vore redaktørar for eit bokprosjekt - Arven etter 1968 - som kom ut hausten 2021. Når skjedde eigentleg 68-opprøret, og kor og korleis skjedde det? Kva slags raude, grøne og blå spor sette 1968 for ettertida, og korleis ser vi arven fra '68 i dag?

    • 39 min

Top Podcasts In Kunst

Synnøve og Vanessa
Vanessa Rudjord & Synnøve Skarbø
Jeg kan ingenting om vin
Dagens Næringsliv & Acast
Vinpraten med Vinofil
Vinofil.no Vinpraten
fÆb
fÆbrik og Bauer Media
Fysen
Urbania Magasin
Menn uten midje kan også lese
HENRI